Finn gode kveldsrituala

  • Trapp gradvis ned på aktiviteten
  • Marker forskjellen på dag og nattsøvn
  • Gjenta same ritual kvar kveld
  • Ein del born vert rolegare når det blir bada
  • Forsøk å halde same leggetid kvar kveld

Unngå at barnet blir overtrøytt

  • Det hjelp som oftast ikkje å kutte ut søvn på dagtid, men la ikkje barnet sove for seint på ettermiddagen
  • Regelmessige sovetider på dagtid
  • Avgrens inntrykk/aktivitetar på kveldstid

Lær barnet å sove av seg sjølv

  • Lær barnet å sove utan brystet eller flaske i munn. Det same gjeld byssing, rugging eller musikk
  • Legg det vakne barnet roleg ned i senga. Du kan for eksempel synge for barnet eller stryke det over håret og sei ”god natt” eller liknande
  • Barnet bør venne seg til naturlege lydar i huset
  • Nokre barn gret før dei sovnar, dette er normalt
  • Ha dempa belysning i rommet, med passe temperatur

Nattmåltider: mat ikkje kos

  • Er barnet over 6 mnd treng det kanskje ikkje mat på natta lenger
  • Om barnet skal ha mat på natta, ta barnet raskt opp når det vaknar så ikkje pupp/flaske vert premie for å skrike
  • Marker at det er natt med mørkast mogleg rom, sei minst mogleg og legg barnet tilbake i eiga seng etter måltidet

Unngå å ta barnet opp av senga dersom det vaknar

  • Dersom barnet vert teke opp frå senga straks det skrik (og barnet ikkje skal ha mat), kan det vere starten på uvanar/søvnproblem
  • Forsøk å roe barnet i senga
  • Dersom ein prøver å slutte med nattamminga kan det vere ein fordel om far eller nokon andre barnet kjenner godt prøver å roe ned barnet
  • Tilby vatn dersom barnet er tørst


Det er vanleg at barn vaknar opp om natta, men dette kan utvikle seg til søvnproblem.

Kva gjer ein dersom barnet ikkje vil legge seg eller sovne?

  • Det er ein føresetnad at foreldra er motiverte og sjølv ynskjer å løyse søvnproblema
  • Før ein startar på arbeidet med søvnproblemet, bør ein forsikre seg om at barnet er friskt
  • Ver mykje saman med barnet før sengetid
  • Forbered legging i god tid
  • Bruk aldri senga som straff
  • Barnet bør ikkje ha leiker i senga, berre bamse eller kosedyr
  • Hald fast på leggetid og leggeritual
  • Når barnet er lagt i senga, skal det vere der heile natta
  • Dersom barnet protesterar/gret, gå inn til barnet med jamne mellomrom, legg barnet ned og sei med roleg stemme ”det er natt, du skal sove no”
  • Vurder om sovinga på dagen bør leggast til tidlegare tidspunkt

Ver konsekvent, lykke til!

Snakk med helsesøster om du føler du treng meir hjelp.