Gå direkte til innhold
Sogndal kommune
Postliste   Nyhende Politiske saker Ledige stillingar Kart Kontakt oss
 





  English Deutch
  Nederlands Français
 

Gangvegar/stiar og grøntkorridorar

Plan for oppfølging og utbygging av gangvegar/ stiar og grøntkorridorar i Sogndal sentrum er ute til offentleg ettersyn

Sogndal kommune har ved fleire høve uttrykt ønskje om å leggje til rette for eit godt nett av gang- og sykkelvegar og å leggje vekt på grøntområde i sentrum. Ei satsing med positiv effekt på både helse, trivsel, tryggleik og klima, og vil såleis vere ein god investering.

Det er laga framlegg til plan for oppfølging og utbygging av gangvegar/ stiar og grøntkorridorar i Sogndal sentrum. Utgangspunktet for planen er dagens situasjon. Kva er allereie utbygd av gangvegar/ stiar og grøntkorridorar, kva er regulert, men enno ikkje realisert og kva bør planleggjast/ regulerast av nye gangvegar og grøntkorridorar? Planen tilrår og prioriteringar.

Framlegg til plan ligg ute til offentleg ettersyn fram til 16. april 2010 på kommunen si heimeside, tenestetorget, Sogndal bibliotek og Fjærland busenter. Innspel kan sendast skriftleg til:

Sogndal kommune v/kommuneplanleggjar

postboks 153

6851 Sogndal

 

eller på e-post

 

Last opp framlegg til plan her

 

Kart




Sist endra av Berit Røneid, 16.02.2010

Nettstadskart