Gå direkte til innhold
Sogndal kommune
Postliste   Nyhende Politiske saker Ledige stillingar Kart Kontakt oss
 





  English Deutch
  Nederlands Français
 

Tilskot til private vegar

Formannskapet vedtok i møte den 11.02.10, sak 11/10, at eigarar av private vegar kan søkja om tilskot til drift av vegar etter følgjande vilkår:

  • Private vegar til heilårsbustader med lengde over 400 m og som verta nytta både til skuleskyss og innsamling av hushaldningsavfall (tvungen renovasjon).
  • Private vegar der berre ein eigedom har heilårsbusetnad med lengde over 200 m og som verta nytta både til skuleskyss og innsamling av hushaldningsavfall (tvungen renovasjon).

Tilskotet er inntil kr 30,- pr meter veg. Dersom tilskotgrunnlaget samla sett er større enn løyvingane til dette føremålet vert tilskotet pr. meter veg redusert, slik at samla utbetaling ligg innafor budsjettramma.

-

Eit vilkår for å få tilskot er at vegen skal vera open for ålmenn ferdsel. Søkjar må leggja fram dokumentasjon på vedlikehaldsutgifter.

 

Søknadsskjema skal sendast til:

-

Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal

-

eller epost

-

Søknadsfrist 30. april 2010




Sist endra av Berit Røneid, 19.02.2010

Nettstadskart