Barnehageopptak 2010-2011
Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars.
-
Barn som alt har barnehageplass treng berre søkje dersom dei ynskjer endring i tilbodet frå hausten 2010. Endringsskjema får de i barnehagen eller i tenestetorget, og skal leverast i eigen barnehage.
Frist for endring er 15. februar.
For dei barna som har plass i dag gjeld vanleg oppseiingstid i samsvar med vedtektene, dvs. ein månad skriftleg oppseiing.
Alle barn på ventelista må søkje på nytt.
For nye søkjarar skal det helst nyttast elektronisk søknadsskjema, søknad om barnehageplass. Det må fyllast ut eit skjema for kvart barn.
Informasjonsbrosjyre om barnehagetilbodet (pdf-fil)
Kontaktinformasjon
Det er også mogeleg å nytta skjema i papirformat. Dette kan du få ved å venda deg til tenestetorget, helsestasjonen eller barnehagane.
Søknaden skal sendast til Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal, - eller leverast i tenestetorget i kommunehuset.
Sist endra av Berit Røneid,
11.02.2010
|