Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Sognahallen på Lines, ikkje langt frå Sogndal sentrum, er ein storhall med innandørs fotballbane med internasjonale mål, handball-, badminton-, basket- og volleyballbaner, pluss bandy. Vidare er det friidrettsanlegg for sprintdistansar, kule, tresteg og lengde – og klatreanlegg med mange løyper, der den høgaste er 18 meter høg. Anlegget inneheld òg buldrevegg.
Idrettssenteret som er lokalisert i hallen, har eigen aerobicsal på 140 kvadratmeter, sykkelsal, treningsstudio, styrkjesal og testrom. Anlegget har òg stort garderobeanlegg og kafeteria.
Saman med Idrettssenteret er Idrettsseksjonen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fotballkrets, og Vestlandsforsking leigetakarar i bygget som totalt er på 9000 kvadratmeter i hall og 4000 kvadratmeter ned nærings- og utleigebygg. Bygget vart oppført i 1998.
Telefon: 57 62 90 00
Telefaks: 57 62 90 01
E-post: sognahallen@sognahallen.no
Sogndal Fotball
