Invitasjon til Frivilligdagen

Frivilligdagen vil ha fokus på kommunen sine lag/organisasjonar. Det vert underhaldning og stands i Sentrumsparken frå kl. 11:00. 
Det vert og utdeling av Frivilligprisen denne dagen.

Påmelding til Frivilligdagen: frivilligsentralen@sogndal.kommune.no eller telefon/SMS 992 86 017 innan 9. september.

Meir informasjon og invitasjon til Frivilligdagen

 

Invitasjon til Fleirkulturell bygdafest

Sogndal er ein fleirkulturell kommune. For å vise ein del av mangfaldet i bygda vert det arrangert bygdafest i kulturhuset laurdag 17. september kl 16:00.

Det vert kulturelle innslag, stands og smaksprøvar på mat frå ulike land.

Meir informasjon og invitasjon til Fleirkulturell bygdafest

Sognahelg ny logo.jpg