IMG_3680.jpgTysdag 12. februar vart Sogndal helse- og omsorgssenter offisielt opna. Ordførar Jarle Aarvoll stod for den offisielle opninga.

Den nye delen av Sogndal helse- og omsorgssenter inneheld legesenter med legevakt, helsestasjon og jordmorteneste, avdeling for fysioterapi, ergoterapi og Sogn frisklivssentral, 57 institusjonsplassar med rehabiliteringsavdeling (korttidsavdeling) og langtidsavdelingar, kjøken og kantine, dagsenter for heimebuande, base for heimetenestene, frisør og fotpleie og 100 parkeringsplassar i parkeringskjellar.

Utbygginga har gått føre seg sidan september 2015.

Billete frå opninga

Bilete frå utbygging