Rekneskapen viser eit overskot på 19,5 mill. kroner etter avsetjing og bruk av fond. Netto driftsresultat er på 7.9 % av driftsinntektene, noko som er monaleg over målsetjinga på 3%. Auka skatteinntekter er den viktigaste grunnen til overskotet. Dette skuldast stor skattevekst nasjonalt i 2016 som følgje av m.a. endringar i utbyteskatten for privatpersonar og sterkare folketalsvekst i kommunen enn det som låg til grunn for budsjettet. I tillegg har kommunen høgare inntekter knytt til flykningetenesta, lågare pensjonskostnader som følgjer av større bruk av premiefondet og noko lågare renteutgifter enn budsjettert. Samla sett leverer også drifta eit overskot på 1,2 mill. kroner etter avsetjing og bruk av fond.

Revidert rekneskap skal handsamast i kommunestyret i april, og kommunestyret vil då ta stilling til korleis overskotet skal disponerast. I gjeldande økonomiplan er gjort omtale av framtidige investeringar som førebels ikkje er finansiert, m.a. ny barnehage.