Den positive folketalsutviklinga i kommunen held fram og kommune hadde størst folkevekst i fylket i 2015.  

I løpet av 2015 vart det 162 fleire innbyggjarar i kommunen, og folketalet var ved årsskiftet på 7839. Vi hadde eit fødselsoverskot på 35 personar og ei netto innflytting på 128 personar.

Folkeveksten var på 2,11 %, som er langt over gjennomsnittleg folkevekst i heila landet, som var på 0.9 %. Folkeveksten i fylket var på 0,3%.