Kommunen arbeider for at innbyggarane skal ha eit godt og stabilt tilbod med digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut fiberbasert aksessnett i store delar av kommunen, men det er framleis område i kommunen som har ADSL og radio-kommunikasjon med låg kapasitet og kvalitet. 

Dagens samfunn baserer store deler av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett. Utbyggingsbehovet i kommunane er framleis stort. 

I 2016 fekk Fjærland midlar til å bygge breiband.

For å betre situasjonen i kommunen vil Sogndal kommune søke om finansiering til å bygge ut meir høghastigheit breiband til innbyggarar, næringsliv og offentlege institusjonar i områder som i dag manglar eit tilfredstillande tilbod. Vi har valt å prioritere følgjande områder i denne runden:

  • Ølmheim – Slinde – Fimreite
  • Barsnes 

Regjeringa har gitt Nkom i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Fylkeskommunen har fått tildelt ein pott som kommunane kan søke på.
 
I samband med søknaden vil vi invitere bedrifter og  innbyggjarar til å komme med innspel i forhold til utbyggingsplan til kommunen. Innspel frå ifjor er følgt opp og teke omsyn til. Bruk skjema for nye innspel.

Krav til søknaden er at planen for utbygging skal vera lagt ut til offentleg høyring i minst ein månad. Bedrifter og innbyggjarar som ynskjer å uttale seg må gjera dette innan 30.april 2018.

Sjå også informasjon på: http://www.nkom.no/