Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Åberge – Nuken
(919 m.o.h.) er eit av dei mest nytta sentrumsnærliggjande turområda. Turen er relativt lett med første del på skogsbilveg og resten langs god sti. Stigninga til toppen av Nuken er ca 650 meter, og du må rekna med 5-6 timar t/r.
Det finst òg to andre ruter til Nuken som er mykje brukte. Frå Nuken kan ein gå vidare til Soget i Hafslo eller til Tylderingen (1104 m.o.h). Dette er dagsturar.
Åsen – Nuken
(bomveg Lauvhaug-Åsen) er ein lett tur som startar ved traktorvegen og går deretter langs god sti (ca 420 m stigning og 3-4 timar).
Hillestad – Nuken
er om lag av same karakter som Åsen – Nuken, men noko dårlegare sti grunna myrlendt terreng.
Stedje - Stedjeåsen
Dette er eit mykje nytta turterreng nær Sogndal sentrum med start på Stedje. Det meste av turen går på merkt sti i bratt skogsterreng. Fint utsiktspunkt ut Sogndalsfjorden. Toppen ligg på 619 m.o.h. Du må rekne med 2-3 timar.
