Sogndal studentbarnehage er driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane. Studentbarnehagen har sine eigne opptaksreglar og har kun 100 % plassar. Ved opptak prioriterer Sogndal studentbarnehage fyrst barn til studentar, så tilsette ved SISOF og HiSF og deretter andre barn i kommunen. 

Barnehagen har tre avdelingar: Måne, Sol og Stjerne.

Opningstid: 7:30 - 16:15.