Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Hodlekve – Blåfjell
Du kan følgja stien frå parkeringsplassen i Hodlekve til Britastein (1003 m.o.h.). Det er ingen merka stiar opp til toppen av Blåfjell som ligg på 1401 m.o.h. Turlengda er på ca 6 km. Denne turen fører med seg kryssing av elvar og myrar, noko som kan vere problematisk med stor vassføring i elvane. Frå parkeringsplassen kan ein òg gå skitrekket opp og følgje høgdedraget opp til toppen. Stigninga er hard i byrjinga, men vel opp forbi skitrekket, er det jamn grei stigning til toppen.
Hodlekve- Voggebreen
Ein lang og meir krevjande tur er turen til Voggebreen. Ein må rekna med mellom 5 og 7 timars gangtid. Med utgangspunkt frå parkeringsplassen i Hodlekve går ein opp til Britastein og følgjer Trastadalen opp til Trastadalsvatnet. Oppe ved Trastadalsvatnet går ein ryggen oppover på vestsida av vatnet mot Synnøvaskjær. Vel oppe ved 1400-meteers kota, held ein den vestover mot Myrdalsbreen, noko ned for å koma inn på breen. I frå brekanten og opp til toppen på 1570 m.o.h. er det strake vegen. Bruk breutstyr og bretau.
Torstadnakken (1553 m.o.h.) og Grøssete
Turen startar om lag 15 km innover Sogndalsdalen ved garden Kvamshagen, med merkt sti dei først 450 høgdemetrane opp til Sogndal Turlag si hytte på stølen Grøssete (ca. 1-1,5 time ein veg). Turen vidare til Torstadnakken er ein lang og krevjande tur som du bør rekna heile dagen på tur-retur.
Snøen dei øvste 200 høgdemetrane ligg heile året rundt, så du må rekne med å gå i snøfonner. Utsikta frå toppen er noko av det mest storslegne ein kan få i kommunen.
Anestølen
Inne ved Anestølen finn ein det ”tøffaste” turterrenget i kommunen. Du tek vegen til Selseng og fylgjer den til endes, ca 27 km (bomveg dei siste 4 km). Der ligg Anestølen som enno i dag er i bruk som geitestøl. Med Anestølen som utgangspunkt kan ein velja mellom fleire turalternativ. Alle er relativt krevjande og set krav til kondisjon og fottøy.
Alt. 1 Anestølen - Fjærland
Dette er ein lang og hard dagstur, men òg ein av dei finaste fjellturane ein kan gå i området. Ein fylgjer den gamle ferdastien frå Anestølen til Fjærland over Sogndalseggi som folk brukte før i tida, då dei istaden for å ta båt til Fjærland, og no seinare bil gjennom tunnellen, tok vegen over fjellet. Ein kan anten gå ned til Berge eller over til Horpedal.
Alt. 2: Anestølen - Tverrdalen
Det går sti på vestsida av elva opp gjennom den bratte Tverrdalen til Nedre Tverrdalsvatnet (995 moh) Her kryssar ein elva for å fortsette på sauetrakk bratt opp til Tverrdalsvatnet (1225 m.o.h.). Dette vatnet ligg like under Steindalsbreen og ber preg av stor tilførsle av isvatn. Ned att kan ein gå same vegen eller over Torstadnakken (ein lang dagstur utanom stiar). Turen til Tverrdalsvatnet t/r tek 4-5 timar.
