Sogndalspatriot

Hildur Seim er ei dame som på eige initiativ kombinerer sine spaserturar med å plukke bos. Hildur seier at ho har stor glede av at det ser skikkeleg ut, og får positive attendemeldingar frå dei som ser kva ho gjer.

Hildur tykkjer òg det er flott å få merksemd frå skuleelevar. Og ho sette stor pris på eit smykke ho fekk frå 6. klasse ved Trudvang skule til jul. Hildur merkar at det vert mindre bos når skulane sluttar. Ungane er flinke til å bruke boskorgene, kanskje litt verre med mange av oss andre.

Blomster til Hildur Seim
Driftsingeniør kommunalteknikk Ingrid Slinde og ordførar Jarle Aarvoll overrekte blomsterhelsing til Hildur Seim
For kort tid sidan vart eg gjort merksam på Hildur Seim sin innsats. Ho tok imot invitasjonen til ein liten prat på ordførar-kontoret. Det var fint å få overrekke henne ein blomster som eit symbol på at lokalsamfunnet set stor pris på hennar innsats.

Mange gjer ein flott innsats i lokalsamfunnet for at det skal sjå skikkeleg ut rundt oss. Det er så lett å snakke om boset, desto hyggelegare når nokon gjer noko med det.

Jarle Aarvoll
ordførar

 

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS