Illustrasjon livredding - Sogndalsskulen bilde 4To tilsette har vore på instruktørkurs i vår og to tilsette skal på kurs i haust for å bli sertifisert for å halde kurs for andre. Dette er eit kurs der tilsette skal gjennomføre ei teoretisk økt og ei praktisk økt i vatn. Totalt i Sogndalsskulen har 50 lærarar og miljøterapeutar teke livredningsprøven ute og inne i haust!

Dette er ei vidareføring av satsinga vi starta førre skuleår med fokus på symjing og livredning i Sogndalsskulen. 

Vi har oppretta symjegruppe på tvers av skulane og laga tydelege og konkrete retningslinjer for symjeundervisninga.  Dette har no ført til at tilsette på skulen har auka sin kompetanse innanfor dette feltet og er betre rusta til å ta elevane med seg ut på tur, samt det å kunne ha symjeundervising og livredning med elevane ute i fjorden.  Dette er og eit satsingsområde nasjonalt, og vårt mål er at ulukker skal avverjast gjennom god undervising og kunnskap om førebyggjande arbeid.

Vi deltek og i eit satsingsprosjekt via Fylkesmannen, der vi får midlar til å driva symjeopplæring for minoritetsspråklege elevar. Dette var eit tilbod vi hadde førre skuleår, og som vi ynskjer å halde fram med inneverande år.

Vi har eit flott uteområde i og rundt Sogndal som vi ynskjer å nytte oss av på ein god og forsvarleg måte. Hovudmålet med dette arbeidet er å «rusta» elevane til å ta sine forhandreglar i og ved vatn, slik at vi ikkje opplever dei ulukker vi las og høyrde om i sommar.   

 

Illustrasjon livredding - Sogndalsskulen bilde 2

Illustrasjon livredding - Sogndalsskulen bilde 3Illustrasjon livredding - Sogndalsskulen 1