Økonomisk rådgjeving

NAV-kontoret kan gi råd og rettleiing til personar med økonomiske vanskar og gjeldsproblem.
Kontakt NAV

Økonomisk stønad/hjelp

Personar som ikkje er i stand til å syta for livsopphaldet sitt, eller som i særskilte tilfelle treng hjelp til å tilpasse seg eller overvinne ein vanskeleg livssituasjon, kan søkje om økonomisk sosialhjelp.  
Ofte vert økonomisk hjelp kombinert med rådgjeving og krav til søkjar.

Søknadsskjema og eventuell hjelp til utfylling kan du få ved å kontakta NAV-kontoret. For at søknaden skal kunne handsamast så raskt som muleg, må søknaden vera fullstendig og korrekt utfylt og dokumentasjon må liggja ved søknaden.

 Les meir om NAV og kva NAV kan hjelpe deg med, på www.nav.no/no/Person.