Spelemidlar 2012

Lag og organisasjonar kan søkje om statstilskot (spelemidlar) til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg. 

Spelemidlar idrett

Søknaden skal gå gjennom kommunen. Prosjektet må vere med i kommunal plan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse.

Det kan søkjast om tilskot til bygging og rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.

For mindre nærmiljøanlegg med ein kostnad på inntil kr. 80.000 er det ikkje søknadsfrist. Desse søknadene vert handsama fortløpande. Meir informasjon om mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg kan du finne på fylkeskommunen sine nettsider.

Spelemiddelsøknadene skal sendast elektronisk. Søkjarar finn søknadsskjema og alle vedleggsskjema på nettsida idrettsanlegg.no. Her ligg og lenker til publikasjonar som er relevante i søknadsprosessen.

 Frist for å søkje om spelemidlar i Sogndal kommune er 1. oktober 2011

Du kan lese meir om tilskotsordninga på kulturdepartementet sine nettsider.

 

 
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Tenesteomtalar

Web levert av CustomPublish AS