Det kan søkjast om tilskot til:

  • Nybygg av idretts- og friluftsanlegg
  • Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • Nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde)

Søknadsfrist til Sogndal kommune kvart år: 1. oktober

Du finn informasjon om søknadsprosess og regelverk samt søknadsskjema på Kulturdepartementet sine temasider. Søknaden skal sendast til Sogndal kommune. Kommunen handsamar søknaden og sender vidare til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. 

Anlegget ein søkjer om midlar til, må vere ein del av vedteken kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Den kommunale planen vert revidert kvart 4. år, og handlingsprogrammet vert rullert kvart år. Nokre større anlegg må og vere med i regional/fylkeskommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Følgjande dokument må følgje søknaden:

  • Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning (kommunen eller departementet)
  • Detaljert kostnadsoverslag.
  • Dokumentasjon av dei ulike delane av finansieringsplanen.
  • Plan for drift av anlegget (forvaltning , drift og vedlikehald samt driftsbudsjett)
  • Dokumentasjon på at søkjar har rett til å nytte grunnen der anlegg ligg/skal liggje.

Ver merksam på at arbeidet ikkje må setjast i gang før idrettsfunksjonell godkjenning ligg føre.