Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Kommunar, idrettslag, andelslag eller andre kan søkje om midlar til bygg og anlegg.
Lag, organisasjonar og enkeltpersonar som byggjer og driftar anlegg for idrett og friluftsliv.
For at eit idrettsanlegg skal kunne søkje om spelemidlar må anlegget vere prioritert i handlingsprogrammet som følgjer vedteken kommunalplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse. Handlingsprogrammet vert rullert årleg, og revidert kvart 4. år.
Søknadar om spelemidlar må elles stette dei formelle krava som Kulturdepartementet til ei kvar tid set. Sjå føresegner om tilskot av spelemidlane til anlegg for idrett og friluftsliv.
Søkadsskjema og rettleiing for utfylling av desse finn du på Kulturdepartementet sine sider for spelemiddelsøknader og anleggssøk, idrettsanlegg.no
Politisk i formannskapet og fylkeskulturutvalet.
Søknadsprosess:
Søkjarar fyller ut det elektroniske skjemaet på idrettsanlegg.no, og sender dette inn til kommunen elektronisk. Etter handsaming/kontroll vert prioritering av søknader lagt fram for politisk handsaming i kommunen. Søknadene vert deretter vidaresende til fylkeskommunen.
Det er og ei eiga ordning for mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg. Dette gjeld prosjekt som har ei kostnadsramme frå 20.000 til 80.000. Tilskotssummen er inntil 50% og det kan søkast gjennom heile året. Søknaden sendast direkte til fylkeskommunen. Ingen delutbetaling.
