Føremålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremja natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i landbruket og å redusera forurensinga frå jordbruket utover det ein kan forventa ved vanleg jordbruksdrift. Prosjekta og tiltaka skal prioriterast ut frå lokale målsetjingar og strategiar.
Målgruppe
Tilskot kan løyvast til foretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom eller til ein kvar som er registrert i Einheitsregisteret og som har fått løyve hjå eigar av landbrukseigedommen.
Vilkår
Forskrifta gjeld for prosjekt/tiltak på landbrukseigedommar jfr. jordlova §12, samt i område verna etter lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern og 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner.
Handsaming
Kommunen har fastsett strategiplan for bruk av SMIL-midlar. Innvilga tilskot gjeld i 3 år med mindre kommunen har sett kortare frist når søknaden vart innvilga. Kommunen kan etter søknad forlenga fristen, men ikkje over 5 år.
Kommunen ynskjer å prioritere:
- skjøtsel av kulturlandskap
- rydding av skog/kratt som hindrar utsyn frå hovudvegane
- tilrettelegging av tilkomst til areal med fri ferdsel
- tilrettelegging av stiar og vegar for ålmenta
- rehabilitering av hus som er tidstypiske og har ein verneverdi.
- restaurering/tilrettelegging av kulturminne
- opprydding i kulturlandskapet
Meir informasjon: slf.dep.no