Står du i manntalet?

Val - logoFor å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, måndag 12. september må du stå i manntalet.

Du kan kontrollere om du står i manntalet i Sogndal kommune når manntalslistene vert utlagde til offentleg gjennomsyn på følgjande stader:

Tenestetorget i Sogndal kommunehus - for krinsane Trudvang, Sogndalsdalen og Norane

Kaupangsenteret/Prix/postavd. - for Kaupanger krins

Joker - Mundal & Vangsnes - for Fjærland krins

Tenestetorget i Sogndal kommunehus - for heile kommunen.

Tenestetorget i Sogndal kommunehus - for sametingsmanntalet

Manntalet vert lagt ut i tida 25.07. til 12.09.2011.

Dersom du meiner at noko er utelate eller ikkje rett innført i manntalet når det gjeld deg sjølv eller andre, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen.

Kravet skal grunngjevast skriftleg og vere innkome til valstyre innan 10.08.2011. Valstyret vil handsame kravet i ope møte 25.08.2011.

Valstyret si adresse: Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal. E-post:

postmottak@sogndal.kommune.no

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Statleg informasjon

Web levert av CustomPublish AS