Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Torsdag 5. januar besøkte statsminister Jens Stoltenberg Sogndal. Her fekk han ei orientering om arbeidet som er gjort etter uvèret i romjula og for å få innspel til det arbeidet som pågår blant anna med ei stortingsmelding om samfunnstryggleik.
I Sogndal fekk han snakke med Daniel Meisterplass frå Sognekraft og det arbeidet dei gjorde for å sikre straumtilførsel til innbyggjarane. Det var tydeleg at deira innsats gjorde inntrykk på statsministeren.
Vidare fekk han snakke med ordførar Jarle Aarvoll, rådmann Jostein Aanestad, tenesteleiarane Einar Nedrelo og Helga Bakken. Vi snakka m.a. om korleis vi prioriterte og handterte situasjonen. Vidare viste vi til døme på korleis dei tilsette i kommunen og lokalbefolkninga stilte opp og gjorde ein framifrå innsats.
Hendingane viser kor viktig det vil vere å førebygge med tanke på eit klima i endring. Kor viktig det er å søkje meir kunnskap.
Bilete er teke ved Fjærlandsvegen under linja som er hovedstraumforsyninga til Sogndal.

