Gjennom besøket fekk ministeren innblikk i kompetanseklynga i Sogndal og Sogn og Fjordane, der vi skapar og utviklar spanande prosjekt gjennom tett samarbeid mellom ulike offentlege instansar og private. HVL, v/programleiar Osvald Lykkebø og Sogndal kommune, v/rådmann Jostein Aanestad nytta høve til å presentere planane med Fosshagen utdanningsbarnehage, der vi ser føre oss at vi gjennom tett samarbeid mellom kommunen og høgskulen kan skape eit utvida klasserom for utdanningane ved HVL.

Statsrådbesøk 28.6.18 Kyrkjebakken

Utdanningsbarnehagen skal vere ein tilrettelagd undervisningsarena for barnehagelærarutdanninga, og for det tverrfaglege fokuset innan utdanningar som spesialpedagogikk, idrett, vernepleie, barnevernspedagogikk og sosionom. Barnehagen vil vera ein god kandidat til å verte ein lærarutdanningsbarnehage, i tråd med regjeringa sin strategi Lærerutdanning 2025 – Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene. Det unike med Fosshagen utdanningsbarnehage er plasseringa i høgskuleområdet og at den kan tilretteleggast for dette føremålet i planlegginga og utbygginga av barnehagen.

Sogndalsskulen har erfaringar med å nytte tverrfagleg kompetanse over fleire år, og det gjev positivt resultat for læring og trivsel. Vi ynskjer å nytte denne tenkinga også i Fosshagen utdanningsbarnehage, slik at denne kan danne grunnlaget for undervising og forsking på fleirfagleg kompetanse i barnehagesektoren. For å lukkast med dette trengst det 4,8 mill.kr. til å finansiere eit utvida areal som sikrar at barnehagen er tilpassa besøk utanfrå.

Utbygginga er starta opp med arkeologiske undersøkingar og registreringar. I oktober vil vi starte bygginga av sjølve barnehagen. Første byggjesteg vil stå ferdig i august 2019 og heile barnehagen vil stå ferdig i august 2020.

Etter orienteringane ved HVL vitja ministeren med følgje Kyrkjebakken barnehage. Der vart ho teke imot av tenesteleiar barnehage Karin Johansen og styrar Marie Holen Ovrid. Karin Johansen orienterte om det sterke regionsamarbeidet i Indre Sogn innan barnehageutvikling, der også høgskulen er med i fagnettverk, og høgskulen har vore involvert i fleire forskingsprosjekt i regionen (m.a. lærande barnehagar og PRESPAS). Styrar Marie Holen Ovrid presenterte Kyrkjebakken barnehage, ein barnehage med fire avdelingar og 57 barn, og der barnehagen har eit god ry hjå minoritetsspråklege foreldre og er ein føretrekt barnehage for denne gruppa. Barnehagen har også hatt tett samarbeid med høgskulen i ulike samanhengar, mellom anna i eit pågåande doktorgradsprosjekt ved HVL knytt til kommunikasjon med minoritetspråklege foreldre i hente- og bringesituasjon.

Ministeren fekk også besøke eine storbarnsavdelinga, der barna jobba med bilete dei sjølv hadde teke. Ordføraren og ministeren snakka med borna, og då ministeren påpeika at ordføraren ikkje hadde ordførarkjede på i barnehagebesøket, lova ordføraren at han skulle stille i ordførarkjede til opninga og ministeren sjølv skulle bli invitert til å stå for den høgtidlege opninga.

Statsrådbesøk 28.6.18 Kyrkjebakken 2