Postboks 154, 6851 Sogndal
Strålekameratene: en bok om menn og kreft / Haakon Bull-Hansen
For ein gong skuld vil eg fortelja om ei faktabok og ikkje ein roman. Forfattaren Haakon Bull-Hansen fekk smerter i halsen som ikkje ville lata seg kurera med antibiotika, og brått måtte han sjå i auga at han hadde fått kreft i mandlane.
Forfattaren fortel om sin eigen veg gjennom krefthandsaminga, og om dei to andre venene han får undervegs med om lag same diagnose. Dei møtest til cellegift kvar torsdag, og medan dei ligg der i kvar si seng, vert mange ting omsnakka. For menn kan og snakka om kjensler, og dei kan gje kvarandre livsmot i ein felles kamp mot sjukdommen.
Forfattaren var ingen mønsterpasient som godtok alt som vart gjort, og han seier sjølv at han opplevde at han var i eit system som såg på pasientane som maskinar til reparasjon. Eg-forteljinga vert kombinert med intervju og klipp frå eigen sjukejournal, og det vert til saman ei realistisk og sterk skildring av livet som kreftpasient.
Lise