Tenester for personar med rusmiddelmisbruk

Sosialtenesta har etter sosialtenestelova plikt til å rettleia personar med rusproblem og å setja i verk tiltak slik at dei kan koma bort frå misbruket. Når det er trong for det, og etter avtale med klienten, skal sosialtenesta syta for eit behandlingsopplegg.

Målgruppe

Personar med rusproblem

Handsaming

I Sogndal kommune har ein tilbod om

  • Oppfølging tilpassa den enkelte rusmisbrukar og hans behov. Dette kan mellom anna vere oppnemning av støttekontakt, etablering av støtteopplegg på arbeidsplassen og kontakt med primær- og spesialisthelseteneste 
  • Individulle støttesamtalar med kartlegging, hjelp til rusmeistring og meistring av dagleglivet som målsetjing
  • Råd og rettleiing til pårørande/familiar
  • Pårørandegruppe- og ettervernsgruppe

  

Intern informasjon

Telefon: 57629730  Postadresse: Postboks 243, 6852 Sogndal. Besøksadresse: Dalavegen 2, 6856 Sogndal

Sosialtenesta har samarbeid med fylkeskommunale og private institusjonar når det gjeld å gje slike behandlingstilbod. I heilt spesielle saker kan rusmisbrukarar verta innlagde i behandlingtilbod utan samtykke, men dette krev mellom anna vedtak i Fylkesnemnda for sosiale saker.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS