TT-ordninga er meint å vere eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming og som har vanskar med å nytta seg av kollektive transportmiddel.

Skrifleg søknad med legeerklæring må leggjast fram. Søknaden sendast til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal. Søknaden vert handsama og avgjort av TSG, Tverrfagleg samarbeidsgruppe.

               Søk om Dør til dør-kort       Legeerklæring

Kommunen sender ut brukarkort (magnetkort) til godkjende brukarar. Desse korta er personlege og kan ikkje overdragast til andre.