Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Lag og organisasjonar kan søkje om statstilskot (spelemidlar) til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg.
Søknaden skal gå gjennom kommunen. Prosjekta vert sett opp i to grupper; ordinære anlegg og nærmiljøanlegg. Alle anlegg det vert søkt spelemidlar til må vere med i kommunal plan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse.
Spelemiddelsøknadene skal innsendast elektronisk. Søknadsskjema, vedleggsskjema og rettleiing for utfylling finn du på Kulturdepartementet sine sider for spelemiddelsøknader og anleggssøk, idrettsanlegg.no. På den sida finn du også lenkjer til publikasjonar som er relevante i høve til søknadsprosessen. Søknadar om spelemidlar må stette dei formelle krava som Kulturdepartementet til ei kvar tid set i Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Dei som fekk avslag på søknaden sin i 2012, men som ønskjer å fornye søknaden for handsaming 2013, må søkje på nytt. Er det ingen endringar når det gjeld søknad og vedlegg, er det kun førstesida på søknadsskjemaet som må fyllast ut.
Fristen for søknader, og fornying av tidlegare innsendte søknader, er sett til 1. oktober 2012.
Du kan lese meir om tilskotsordninga på kulturdepartementet sine nettsider.
For mindre nærmiljøanlegg med ein kostnad på inntil kr. 80.000 er det ikkje søknadsfrist. Desse søknadene vert handsama fortløpande. Meir informasjon om mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg kan du finne på fylkeskommunen sine nettsider.
