Følgjande vilkår gjeld: 

  • Vegen skal vera open for ålmenn ferdsel.  Søkjar må leggja fram dokumentasjon på vedlikehaldsutgifter.
  • Private vegar der berre ein eigedom har heilårsbusetnad med lengde over 200 m og som vert nytta både til skuleskyss og innsamling av hushaldningsavfall (tvungen renovasjon).
  • Private vegar til heilårsbustader med lengde over 400 m og som vert nytta både til skuleskyss og innsamling av hushaldningsavfall (tvungen renovasjon).
  • Tilskotet er inntil kr 30,- pr meter veg. Dersom tilskotgrunnlaget samla sett er større enn løyvingane til dette føremålet vert tilskotet pr. meter veg redusert, slik at samla utbetaling ligg innafor budsjettramma.

Søknad skal sendast til:

Sogndal kommune

Postboks 153

6851 Sogndal

eller

postmottak@sogndal.kommune.no