Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) lyser ut Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom for 2016.

 Informasjon om fristar/krav og søknadsskjema finn du på nettsida til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). 

Søknadsfrist 20. november 2015.

Føremålet med tilskotsordninga er å motvirke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant born og ungdom.

Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre høva for at fleire born og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Utlysninga vert gjort med forbehold om Stortinget si løyving i statsbudsjettet.

Offentlege instansar, private aktørar og frivillege organisasjonar kan søkje om tilskot.