Frå og med i dag, fredag 25. mai, er det totalforbod mot å gjere opp eld utandørs i alle dei fem eigarkommunane til Sogn brann og redning IKS.
Unntaket er grilling i eigen hage. Dette er som regel tillete, så lenge du passar godt på.