Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Transporttenesta for funksjonshemma er eit tilbod til funksjonshemma som har vanskar med å nytta seg av kollektive transportmiddel.Transporten vert utført av drosjer. Transportkort skal berre nyttast til fritidsreiser, og bør ikkje brukast til reiser som kjem inn under trygdeordninga (t.d. reise til lege eller fysioterapeut). Brukarane får tildelt ein sum 2 ganger i året, frå 01.01. og frå 01.07. som dei kan nytta etter eige ønskje. Tildelt sum varierer etter kvar i kommunen brukaren bur.
Skrifleg søknad med legeattest må leggjast fram. Det er innført nye retningsliner for transprtordninga for funksjonshemma (TT) i Sogn og Fjordane gjeldande frå 01.02.2008.
Brukarane betaler ein eigenandel på 20 % eller maks. kr 30,- pr.tur.
Søknad vert den handsama og avgjort av TSG, Tverrfagleg samarbeidsgruppe.
3 veker.
Ingen spesiell søknadsfrist.
Søkjar kan klage på vedtaket. Klagesfrist er tre veker frå vedtaket er motteke. Klage skal sendast til det organet som har fatta vedtaket (tenesteeining sosial). Om det er ønskjeleg, kan ein ta kontakt med tenesteeining sosial for å få hjelp til å setja opp klagen. Ved mottak av klage vil vedtaket verta vurdert på nytt. Dersom vedtaket ved ny gjennomgang ikkje vert endra, vert det sendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd.
