Nye Sogndal kommune skal ha fleire råd som kan ta opp saker og koma med innspel til kommunen. Jobben med å fylla råda med engasjerte innbyggjarar er no i gang.

- Viktig

- Det er viktig at me får med folk frå alle delar av kommunen, og at me fangar opp breidda av interesser og miljø i den nye kommunen når me no skal byggja noko nytt, seier Kristin Rundsveen.

Ho er leiar for komité for samfunnsutvikling i nye Sogndal, og saman med Margrete Haug, leiar for komité for levekår, vil ho oppmoda folk om å gripa denne moglegheita til å vera med og påverka utviklinga av den nye kommunen.

- Du kan melda deg sjølv eller koma med forslag om andre, dersom dei veit om nokon du trur kan gjera ein god jobb. Viss du har eit engasjement, er dette ei fin moglegheit til medverknad, seier Rundsveen.

Nye råd

Kommunen skal ha tre lovpålagde råd. Det er eit eldreråd, eit råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eit ungdomsråd. Desse ligg under komiteen for levekår.

Under komiteen for samfunnsutvikling skal det på plass tre heilt nye råd, som ingen av dei tre gamle kommunane har hatt. Desse råda er eit aktivitets- og friluftsråd, eit innvandrarråd og eit kulturråd.

Råda vil kunne uttala seg om saker før dei skal handsamast i kommunestyret.

- Det er flott at me har desse råda i nye Sogndal. Her kan folk få koma med innspel, og så kan me ta det vidare, seier Margrete Haug.

Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan koma med framlegg til medlemmar i råda.

Framlegga skal sendast til: Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal, eller på e-post: postmottak@sogndal.kommune.no innan 20. januar.