Trudvang skule er ein 1-5 skule med 3 parallellar og omlag 330 elevar. Rundt 45 vaksne arbeider på skulen og i skulefritidsordninga, av desse finn me lærarar, spesialpedagogar, miljøterapeutar og assistentar. Skulen ligg sentralt i kommunesenteret Sogndal.

Trudvang består av to bygg samanbunde av ein gymsal i midten. I det eldste, murbygget, har me klasserom for 5.klassane våre samt nokre spesialrom. Hovudbygget er dei andre årsstega sin base, SFO har tre basar i hovudbygget. 6. - 10.klasse går på Kvåle skule og har heimeside her.

Administrasjonen og arbeidsrom for lærarane er plassert i hovudbygget.