Trus- og livssynssamfunn - tilskot

Tilskot til trus- og livssynssamfunn skal sikre økonomisk lik behandling av Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja, ved at desse får ei tilsvarande løyving pr. medlem som statskyrkja.

Registrerte trus- og livssynssamfunn kan krevje statleg og kommunalt tilskott. Det kommunale tilskottet blir rekna ut på grunnlag av kommunen sitt budsjetterte utlegg til Den norske kyrkja, fordelt på kvart statskyrkjemedlem i kommunen. Søknad om kommunalt og statleg tilskott sendast samla.

Målgruppe

Trus- og livssynssamfunn

Vilkår

For å ha rett til kommunal støtte må trus- eller livssynssamfunnet ha rett til statleg støtte. Det er Fylkesmannen som avgjer om eit trus- eller livssynssamfunn har rett til det statlege tilskottet. Ein kan berre krevje tilskott for medlemmer som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja eller eit anna trus- eller livssynssamfunn som får tilskott. Tilskott til trussamfunn skal gå til religiøse føremål. Tilskott til livssynssamfunn skal gå til føremål som fell inn under virket som livssynssamfunn.

Handsaming

Fylkesmannen vidaresender medlemsoversikt med fødselsnummer til Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra kontrollerer alle fødselsnumra opp mot det sentrale folkeregisteret. Det vil berre bli utbetalt tilskott for medlemmer med gyldig fødselsnummer.

Søknadsfrist

Innan 1. april for det året det blir søkt om støtte for

Klage

Organisasjonen kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå vedtaket blei mottatt. Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal det førast opp kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Fylkesmannen behandlar klager over kommunale vedtak om tilskott. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS