Turglede i Sogndal

Tur pao stien er eit nytt aktivitetstilbod, utforma og organisert av Sogndal turlag.

Fleire flotte turar er merka etter nasjonal merkestandard. Turane er tilpassa både barn og vaksne, og fullført deltakarkrav gjev fin premie.

Helgasete_300x225

Med tilrettelagde turstiar kan alle som ynskjer vere meir fysisk aktive i sitt nærmiljø.

Barneturar
Kravet for deltakarpremie for dei yngste barna, 0-6 år, er klypp frå fem turar på minst tre ulike stadar.
Barn i skulealder, 1.-7.klasse, skal gå sju turar på minst fem ulike stadar.
Barneturane er:  Stedjeberget, Nuken frå Årvollåsen, Jeiskedalen frå Åberge, Olavskjelda i Årøyane, Saurane, Hagagrovi frå Kjørnes og Vikane.

Vaksenturar
Frå 8.klasse høver vaksenturane, og kravet for å oppnå premie er å gå ti turar på minst sju ulike stader.
Turane er: Stedjeåsen, Slakkafjedle, Helleberget, Nuken frå Årvollåsen, Togga, Grøssete, Tylderingen, Helgaseter og Hesteggi.

Deltakarkort får du kjøpt på Intersport i Sogndal.

Plakat frå Sogndal turlag

Nasjonal omtale av friluftsliv for folkehelsa

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS