Frå fjord til bre

Turløyper

Fjærland Sogndalsdalen Øvstedalen Sogndal sentrum Barsnesfjorden KaupangerAnestølen
I Sogndal er det fine tilhøve for fotturar om sommaren og skiturar om vinteren. Variasjonen i turvalet er stort, alt i frå breturar til Voggebreen i Sogndalsdalen til fisketurar i fjellvatna og skogsturar på Kaupangerskogen. Toppane i Sogndalsdalen ligg mellom 1100-1600 m.o.h.

Følgjande kart i M 711-serien dekker kommuen - 1317-I, 1317-II, 1317-III, 1317-IV, 1417-I, 1417-II, 1417-III og 1417-IV. Desse får du kjøpt hjå Skjeldestad Libris i Sogndal.

Det er eige turkart for Fjærland. Fjærlandskartet får du på turistinformasjonen i Fjærland og på Bremuset.

Ferdselsreglar:

  • Ver varsam ved passering av grinder og hugs å late att grinda
  • Uroa ikkje beitedyr
  • Overhald bandtvang for hundar (01.04 - 20.08).
  • Ver varsom med bål - hugs at det er bålforbod i skog og mark i tida 15.04 - 15.09.
  • Kast ikkje søppel i naturen
  • Gå ikkje på innmark (dyrka jord)
  • Vis omsyn til plantefelt når du ferdast i skogsterreng
  • Fisking i vatn og elvar krev fiskekort.


Ferdsel i skog og mark er regulert i friluftslova (allemannsretten).
Du finn fleire opplysningar om t.d. jakt og fiske, sopp- og bærplukking og på tur med telt, sykkel eller hest her


Oversikt over turløyper i Sogndal finn du i menyen til venstre. 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS