Målgruppe

Ungdom mellom 12 og 25 år, og som er heimehøyrande i kommunen.

Retningslinjer for ungdomsstipend

  • Sogndal Kommune kan kvart år dele ut ungdomsstipend.
  • Føremålet med stipendet er å hjelpa unge, aktive kulturutøvarar til å søke utvikling og framgang på sitt område – som idrett, song, musikk, dans, teater, ballett, instruktørarbeid, skriving, film osv.. Stipendet skal tene som ein honnør for særleg innsats og til vidare inspirasjon.
  • Stipendordninga vert kunngjort gjennom lokalavisene. Det skal nyttast særskild søknadsskjema. Søkjaren må vera mellom 12 - 25 år, og vere heimehøyrande i kommunen. Ungdomane søker sjølve, men det er ønskjeleg med ein dokumentasjon frå ein vaksen person. Dette kan vera trenar, instruktør, lærar, foreldre o.s.v..
  • Dei som får stipend, skal bruke det innan område dei meinar kan gje inspirasjon og framgang.
  • Ein kan ikkje få ungdomsstipend meir enn ein gong.
  • Formannskapet avgjer om stipendet skal delast ut, kven som skal få stipend og storleiken på kvart stipend. Storleiken på samla stipendsum vert fastsett i kvart årsbudsjett.
  • Formannskapet vil leggja vekt m.a. på følgjande kriteria ved tildeling: 1. Innsats, resultat, røynsle, bakgrunn 2. Utsikter til vidare framgang 3. Vidare planar

Handsaming

Politisk handsama i formannskapet.

Søknadsfrist

1. november