I samband med utbygging av Vangestad vassverk (Kaupanger) vil det i sommar vere byggings- og sprengingsarbeid fram til midten av august.

Sprengingsarbeidet vil i hovudsak vere i perioden 28.mai til 10.juni og alle sprengingar vil bli varsla med lydsignal.

Det vert brukt store anleggsmaskiner som har sikkerheitssone på 20m. Ingen må vere innanfor dette området utan direkte kontakt med føraren.

Vi oppmodar alle som ferdast i området til å vere merksame og ta omsyn til avsperringar knytt til byggeplassen! 
Vær obs på at det vil førekome sperreband og byggegjerder i heile perioden.