Måndag 27.11.17 inviterte arbeidsgjevar dei tilsette ved barnevernstenesta til eit evalueringsmøte av arbeidsmiljøet. Arbeidstilsynet vart invitert til møtet, og nytta høvet til å gjennomføre eit formøte med dei tilsette i forkant av møtet. I dette møtet var ikkje arbeidsgjevar delaktig. Desse to møta vart samla sett på som eit tilsyn.

Sogndal kommune mottok 29.11.17 tilsynsrapport på det psykososiale arbeidsmiljøet frå Arbeidstilsynet. Den samla konklusjonen frå Arbeidstilsynet er:

Både leiinga og tilsette er samde om at arbeidsmiljøet ved Sogn barnevern er godt ivaretatt. Det vart uttalt at arbeidsplassen var transparent/gjennomsiktig med god kommunikasjon for å bygge tillit. 
Forutsetningane for eit godt HMS-arbeidet er openheit og tillit.
Arbeidstilsynet fann ikkje brot på regelverket for dei forholda som vi gjekk gjennom.

Både Arbeidstilsynet og dei tilsette bekreftar at det i dag er eit godt arbeidsmiljø ved Sogn barnevern. Dette er kommuneleiinga svært glad for. 

I det faglege utviklingsarbeidet har Sogn barnevern gjennomført ein fagdag med 95 deltakar frå samarbeidspartnarar både frå dei fire kommunane i samarbeidet og elles.
Gjennom fagdagen vart det innleiingar frå Sogn barnevern om barnevernstenesta sitt mandat og Harald Dean frå Stine Sofies Stiftelse snakka om korleis ein bør jobbe med vald og overgrep mot barn. Dagen vart avslutta med kafedialog rundt relevante problemstillingar for samarbeidet. 
Fagdagen vart eit svært vellukka arrangement som Sogn barnvern framover vil arrangere årleg. 

Fagdag Sogn barnevern 1

Fagdag Sogn barnevern - Harald Dean

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fagdag Sogn barnevern - Hadle BlikraFagdag Sogn barnevern 2