Mange trur barnevaksinene varer livet ut, slik er det dessverre ikkje.
Fleire av vaksinene som vert gitt i barnevaksinasjonsprogrammet treng gjentekne oppfriskingsdosar i vaksen alder for å oppretthalde beskyttelsen mot dei aktuelle sjukdommane:

  • Difteri
  • Stivkrampe
  • Polio
  • Kikhoste

Anbefalt oppfrisking av vaksine mot desse sjukdommane er kvart 10 år.

Små barn under 1 år er mest utsatt, derfor bør alle som er i kontakt med desse vaksinere seg.