Føremålet med endringa er å gje nytt planføremål til g/bnr. 11/37 merka med raudt, som i dag er regulert til «forretningar», samt føresegner som høyrer til området. Nytt planføremål her vil verte «offentleg tenesteyting». Planen vert elles lik gjeldande plan. Kommunen vurderer difor dette som ei avgrensa planendring der det berre vil verte sendt varsel til berørte myndigheiter og heimelshavarar og naboar til denne eigedomen.

Planavgrensing med område som skal endrast, merka med raudt:

Detaljregulerinsplan Loftesnesbrui

Merknadar til planarbeidet kan sendast skriftleg innan 05.11.2017elektronisk skjema, på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal.