Les sakspapira

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det sett i gang detaljregulering av Fosshagen, gbnr. 19/1 og 19/44 mfl. til offentleg føremål for barnehage, jamfør kommunestyret sitt vedtak 34/17.

Planområdet er om lag 43 daa og er avgrensa av eigedomsgrenser mot utbygde naboeigedomar, kommunale vegar Trolladalen, Fossvegen og Guridalen og Fv. 211 Dalavegen. Planavgrensinga er venta å verte innskrenka som del av planarbeidet.