Sogndal kommune har tre vassverk som leverer drikkevatn til mesteparten av innbyggjarane i kommunen. Sogndal vassverk dekkjer Kaupanger og Sogndal sentrum og har Breisetevatnet som drikkevasskjelde. Ylvisåker vassverk dekkjer skulen og barnehagen og Nornes vassverk dekkjer byggjefeltet på Nornes. Begge har vatn frå brønn.

Det blir regelmessig teke prøver av vatnet før og etter reinsing på reinseanlegga og prøver av vatnet som blir levert på leidningsnettet. Vassprøvene vert analyserte av Sognlab.

Dersom vassforsyninga må stengjast ved lekkasjar og vedlikehald varslar kommunen gjennom nettsida og i enkelte høve gjennom telefonvarsling og på SMS til dei som er direkte berørte.