Årsavgift vatn(§4)

Årsavgift vert rekna etter ein fast og ein variabel del.
                              
Fastledd; (40% av samla inntekt)
Abonnementsgebyr differensiert etter 2 brukarkategoriar. Gebyr for bustad skal betalast pr bueining og gebyr for næring skal betalast etter dimensjon på inntaksleidning. Abonnementsgebyr for bustad gjeld for bustad- og fritidshus, og skal betalast pr. eining, jf. definisjonen av eining i § 2.  Abonnementsgebyr for næring skal betalast for næringseigedomar, offentlege verksemder og kombinasjonsbygg. Gebyret vert fastsett på grunnlag av dimensjon på inntaksleidning slik dette går fram av tabellen under.

Alle desse avgiftene/satsane er eks. mva.

Dimensjon på
leidning i m.m.

Abonnentgebyr
Normalsats 
Gebyrstorleik
N x normalsats
≤ 32 1.436 N = 1
≤ 40 1.436 N = 2
≤ 63 1.436 N = 4
≤ 75 1.436 N = 6
≤ 110 1.436 N = 10
> 110 1.436 N = 15

Forbruksledd; (60% av samla inntekt)
Abonnentar med bustad- og fritidshus betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m3, eller stipulert forbruk basert på utrekna bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m3.  
Omrekningsfaktor for stipulert forbruk er sett til 1,5 m3/m2.

Pris pr m3 målt vassforbruk            kr 7,94.
Industrivatn målt vassforbruk          kr 2,33.
 
Følgjande bruksareal og vassforbruk skal leggjast til grunn for stipulert forbruk: 

Bruksareal (m2) Grunnlag for utrekning (m2) Stipulert forbruk (m3)
Bustadhus

Stipulert forbruk (m3)

Fritidshus

< 100 70 105 25
101 - 250 140 210 50
> 250 200 300 70

 
Næringseigedommar, offentlege verksemder og kombinasjonsbygg betalar forbruksgebyr etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m3. Forbruket blir målt med installert vassmålar.
For alle abonnentar gjeld at avløpsmengda blir rekna lik vassmengda.

Tilknytingsavgift for vatn (§4)

Tilknytingsgebyret skal betalast når eigedom med hus på blir tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett ved førstegongsoppføring av bygg som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett. Abonnentar med bustad- og fritidseigedommar skal betale normalsats.
For næringseigedommar, offentlege bygg og kombinasjonsbygg blir tilknytingsgebyret fastsett på grunnlag av dimensjon på inntaksleidning for vatn, slik det går fram av tabellen under.

Dimensjon på leidning i mm Tilknytingsgebyr
Normalsats
Gebyrstorleik
N x normalsats
≤ 32 11.704 N = 1
≤ 40 11.704 N = 2
≤ 63 11.704 N = 4
≤ 75 11.704 N = 6
≤ 110 11.704 N = 10
> 110 11.704 N = 15

 

Leigeavgift for vassmålar (§7 alt. 1 og 2)    

   

Vassmålar med diameter  inntil m.m. Målarleige m. gjenger/flens Adm.kostnad Sum målar/adm.
≤ 32 150 351 501
≤ 40 323 351 671
≤ 63 658/1.550 351 1009/1901
≤ 75 1.811 351 2162
≤ 110 2134 351 2485
> 110 3739 351 4080

 

Avgift for mellombels tilknyting (§8)

Med mellombels tilknyting skal det ikkje betalast tilknytingsavgift, men fast årleg avgift i høve dimensjon på inntaksleidning og avgift etter målt forbruk.

Avgift for frå-/tilkopling (§6)

Ved mellombels stenging til eigedomar som ikkje er i bruk skal det betalast ei avgift for frå-/tilkopling
kr 1 150 pr kopling.