Vatn og avløp er organisert under tenesteeining kommunalteknikk i Sogndal kommune. Eininga har som mål å sikra at alle i kommunen til ei kvar tid har tilgong til nok vatn av godkjent drikkevasskvalitet. Transport og reinsing av avløpsvatn skal vera i samsvar med norsk regelverk og standard.