Vedtektene er sett opp i tråd med Utdanningsdirektoratet sine retningsliner, og omhandlar dei punkt som SFO-vedtekter skal omhandle. Samanlikna med eksisterande SFO-vedtekter er det to særlege endringar som er gjort: 
  • I punkt 4.3 er det tatt inn ei føresegn om at tenesteleiar har høve til å seie opp plassen ved ein månads varsel dersom det føreligg vesentleg misleghald. 
  • I punkt 9 er det slege fast at ordensreglementet for SFO samsvarar med skulen sitt, med unnatak av punktet som gjeld bortvisning. 
Viss de har spørsmål til høyringsutkastet til nye vedtekter må de gjerne ta kontakt med kommunalsjef oppvekst Ole Gunnar Krakhellen eller rådgjevar oppvekst
Tone Bakke
 
Dokument: