Kommunale vegar - drift og vedlikehald

Skogabøvegen

Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. (Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar, staten for riksvegane.)

Tenesta skal sikre:

  • framkommelegheit,
  • trygg ferdsel og
  • ivareta miljø- og samfunnsinteressar.

Kommunen kan stengje ein veg om ver- og føreforhold gjer det umogleg å halde den open.

Vedlikehaldet omfattar: køyrebane,bankettar, skråningar og dreneringssystem.

Drift og vedlikehaldet kan omfatte:

  • feiing og reinhald
  • fjerning av boss
  • klipping av vegetasjon
  • vegoppmerking og skilting
  • brøyting og strøing om vinteren
  • asfaltering osb 

Gjeld alle brukarar av kommunale vegar - køyrande, gåande eller syklande

Brukarane må halde vegen fri etter dei retningsliner som kommunen gjer, ikkje skade offentleg veg eller fjerne innretningar som høyrer til vegen. Det må heller ikkje lagrast ting på vegområdet eller langs vegen innanfor byggegrensefeltet.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS