Skogfond

Skogfondordninga som er ein tvungen fondsavsetjing er vanskeleg å forstå og det er difor dei aller fleste gjer feil. Kanskje er tidlegare namn på ordninga «skogavgift»  mykje av årsaken  til det. Ved sal av tømmer og slip er det mogeleg å setje av beløp frå 4% opp til 40%  av bruttoverdien av vyrkjet til skogfondkontoen som høyrer til eigedomen din. Dei fleste tenker at dei vil ha mest mogeleg rett  inn på bankkontoen og set trekksatsen så låg som mogeleg,  10%, evt. 4%  Dette gjer at du må betale skatt på eit langt større beløp av tømmerinntektene. Om du har tiltak å gjere i skogen kan du hente pengane ut igjen frå skogfondet, og da slepp du skatt på heile 85% av beløpet.  Du får og dobbelt utgiftsført tiltak skogen  når du nyttar skogfond

Døme 1. Som skogeigar nyttar du ein tømmerkjøpar med tilhøyrande entreprenør til å hogge ein skogteig med 500 m3  gran. Driftsutgiftene vert kr. 85.000 som du får utgiftsført i rekneskapen. Sal av tømmer gjev ei inntekt på 160.000 og du vel å sette av 30% av dette beløpet til skogfond, dvs.  kr. 48.000. Det  direkte tømmeroppgjeret vert då kr. 112.000 og  dette skal gå til å dekke dei 85 t som du måtte betale for hogsten. Ved å sette av 30% til skofondet sparar du ca. kr. 13.000 i skatt berre på delen som går på planting. Delar av  dei 48.000 kronene nyttar du altså til å finansiera planting  av arealet, 3000 skogplanter av gran  som kostar kr. 18.000. Sidan det  er 50% tilskot til dette tek  du  ut kr. 9000 av skogfondet til å dekke eigendelen din på  plantekjøpet og plantejobben. Sidan du planta sjølv går kr. 4500 av skogfondet som «løn» til deg sjølv. Tilskotet vert skatta med vanleg skattesats, skogfonduttaket slepp unna med skatt på 15% av beløpet. For å forstå effekten av skogfondet ser vi vekk frå at det vert gjeve tilskot til det heile og reknar oss tilbake. Om du framleis heng med kan du studere den under.
 

Skattemessige verknadar av skogfond-ordninga (sjå bort frå tilskot)

Plantetiltaket vert utgiftsført fyrst med kr. 18.000, så med dei kr. 18.000 som vert henta frå skogfondet. Netto utgiftsføring (18.000 + 18.000 – (18.000x0,15) =  36.000-2700)  = kr. 33.300

Det likvide utlegget til plantinga vert:

Trukket skogfond i tømmeroppgjer til planting:    18.000 kr

  • unngått skatt: 33.300 kr x 38,4%=12.787 kr

    Skogeigar sitt likvide utlegg                                 5.213 kr

Skogeigar betlar berre 29% av reelle plantekostnadar. Om skogeigar ikkje nyttar skogfond til planting vil han sjølv då  kunne utgiftsføre kostnadane direkte i skatterekneskapen. Då vil skogeigaren sin eigendel i dømet over bli:

18.000 kr x (1-0,384) = 11.088 kr

Ved bruk av skogfond vil skogeigaren sin eigendel bli redusert med 11.088-5.213 = 5. 875 kr, det vil seie 53% av 11.088                                   

Døme 2. Du treng ein traktorveg opp til ein annan skogteig du eig. Etter å ha søkt og fått løyve av kommunen skal ein lokal  entreprenør byggje ein 270 meter lang tilkomstveg i vegklasse 7. Sidan det er lett terreng med høvelege  stadeigne massar kjem rekninga frå gravemaskinføraren på kr. 74.000. Staten ved Fylkesmannen løyver 40% i tilskot sidan vegen vil løyse ut 700 kbm  med gran i hogstklasse 5. Du skulle no ha teke ut kr. 44.400 frå skogfondet til å dekke «eigendelen», dvs. resten av rekninga frå vegbygginga.  Sidan det berre er att kr. 39.000 tek du ut dette, medan resten av beløpet (kr. 5.400)  står som udekt  investering. Ved hogst av  den no vegutløyste granteigen vil du få inn «nye friske»  skogfondmidlar som du kan nytte til å dekke dei kr. 5.400 som står att til traktorvegen, ny planting, seinare avstandsregulering, kjøp av ny skogbruksplan m.m. Ringen er slutta.

Tilskot

Her er ei oversikt over kva tilskot det er til skogbruket i indre Sogn kommunane Luster, Sogndal, Årdal, Lærdal og Aurland. I motsetnad til bruk skogfond som er ei nærast skattefri ordning må ein betale vanleg inntektskatt på tilskotsmidlar ein får.

Prosentsats skal reknast på dokumenterte utgifter. Kommunen legg dessutan  til grunn eigne tal. For å bli vurdert i høve tilskot vert det kravd utfylt søknadsskjema for tiltaket som du finn under fana «skjema» og «skogbruk» på heimesida til www.slf.dep.no .

TILTAK

STATSTILSKOT

KOMMUNALT TILSKOT (berre for Luster kommune)

MERKNAD

SKOGPLANTERa)

50%

20%

kan nytte  skogfond

PLANTINGa)

50%

20%

skogfond

FLATERYDDING/KLARGJERING AV PLANTEMARK

50%

20%

tilvaksne  hogstflater/skogfond

SUPPLERINGSPLANTING

50%

20%

innan tre år etter fyrste planting/skogfond

MEK. ETTERARBEID

50%

20%

førehandsgodkjenning/skogfond

 

 

 

 

AVSTANDSREGULERING

50%

20%

førehandsgodkjenning/skogfond

KUNSTIG KVISTING FURU/LAUV

50%

20%

førehandsgodkjenning/skogfond

SKOGSBILVEGb)

opptil 70%

inntil 20%

skogfond

SKOGSTRAKTORVEGb)

opptil 40%

Inntil 20%

skogfond

HESTEDRIFT

kr 150/kbm

-

 

TAUBANEDRIFT (ikkje nok at terrenget er bratt, må nytte taubane)

Gran kr. 100/kbm

Lauv og furu kr. 130/kbm

 

Førehandsgodkjenning/krav til alder (hogstklasse)

a)Plantetal over minimumstal vert tilgodesett med 80% tilskot (klimaplanting). Snakk med skogrådgjevar om dette  b)kommunalt tilskot (Luster)  vert 10% ved løyving med statstilskot i tillegg.

Har du spørsmål? Send ein e-post til skogrådgjevar  arne.kristian.borger@luster.kommune.no, så ringjer han deg opp. Skogstraktorveg, skogsbilveg og taubane konkurrerer om løyving med tilsvarande tiltak i heile fylket. Merk at bruk av skogfond kan nyttast til so å seie alle tiltaka og er ei svært god ordning.

Forsikring av skogen

Etter orkanen Dagmar romjula 2011 så vi at store verdiar innan skogbruket gjekk tapt, og at meirkostnadane ved opprydding i mange høve gav nulloppgjer. I 2007 vart skog trekt ut av Naturskadefondet og skogen måtte frå då bli forsikra av skogeigar sjølv. Forsikring av skog er bokstavleg talt ein billig forsikring og med endra klima og ver tilhøve er skogen meir utsett for stormfelling enn nokon gong før. I Norge er det «Skogbrand» som er forsikringsselskap for skog og om du går inn på heimesida deira kan du ved hjelp av ein kalkulator rekne ut kva det kostar å forsikre skogen din. Ofte berre ei krone per dekar !

Alder ved hogst

Avhengig av kor god marka er der trea veks og kor tett trea står, vil treet trenge ulik tid fram til det er hogstmodent. Hogg du skogen for tidleg går du glipp av svært mykje inntekt då tilveksten er størst dei siste åra i omløpet. Hogstmoden alder for gran kan grovt sagt  vere frå 60 -80 år. Om du vurderer å  hogge kan du sjekke ut alder i skogbruksplanen din eller ta kontakt med kommunal skogbruksrådgjevar. 

Betaling for stokken

Skognæringa er i same bås som dei fleste andre råvarer som vert levert frå landbruket. Ein skulle ynskje at basisressursen vart betre verdsett. Prisane har vore på same nivå dei siste 20-30 siste åra. Prisen på den dårlege delen av tømmeret, massevirket har vore mest ustabil. På 1980-talet var t.d. massevirket nesten like godt betalt som sagtømmeret. Om ein hogg skogen ved riktig alder gjev «vestlandsgrana» ein høg del med sagtømmer som gjer at vi kjem betre ut enn t.d. dei med granskog på Austlandet. Ressursen er likevel  litt betre betalt der på grunn av at  den ligg nærmare marknaden med lågare transportkostnadar. Men totalt sett kjem vi på Vestlandet betre ut på grunn av kvaliteten på sagtømmeret. Ved levering til norske sagbruk er det strengare krav til  tømmeret  enn t.d. eksport til Tyskland. Difor vil «eksportgran» oppnå lågare pris, men skurslip sortimentet for eksport gjer at mykje av det som elles  hamna i sliphaugen oppnår betre betaling som skurslip.

Når det gjeld furu er den relativt sett mykje dårlegare verdsett enn grana. Grana kan oppnå  tre gongar så stor kubikkmasse som furu på 2/3 av tida. Held vi forskjellar i driftskostnadar utanfor skulle fint furutømmer gje inntekter som låg på tre gongar det sagtømmer av gran oppnår. Slik er det diverre ikkje.

På lang sikt vil truleg prisen på tømmerstokken gå opp. Frå langt tilbake i tid har det vore stor eksport handel med tømmer frå  Norge og vi har tradisjonar tilbake til 1500-1600- talet med stor sagbruksverksemd og kjøparar spesielt frå Nederland.  Skogressursen har vore utsett for enorme konjunkturar sidan den tida, og når det gjeld etterspurnad etter ein på verdsmarknaden knapp ressurs veit vi korleis det slår ut på prisen.  Sats på skogen sjølv om det er dei framtidige generasjoner som vil nyte godt av at du gjer dette. Relativt raskt må Norge få på plass god vidareforedling av denne ressursen.