• Om det gjeld akutt sak i samband med søk etter påkøyrd hjortevilt, eller anna vilt, skal du kontakte politiet på tlf. 02800 eller Sogndal Ettersøkslag på 95 07 14 88.
  • Om du skal sette i gang søk etter påskote hjortevilt, og ynskjer å nytte lys i mørket, skal du varsle kommunen på viltvakttelefonen.  Du skal og varsle grunneigar og politi på tlf. 02800 før søket tek til.

  • Om du har gjennomført søk etter påskote hjortevilt, og du ikkje har fått avliva dyret innan kveld fyrste dag, skal du kontakte kommunen på viltvakttelefonen.  Dette gjeld og om dyret er kome inn i anna vald.

  • Dersom du treng å snakke med kommunen om andre akutte saker som er knytta til hjort og anna vilt, skal du kontakte kommunen på viltvakttelefonen 99 28 60 74.
     

Kommunen oppmodar om at saker som ikkje er akutte vert tekne opp med ansvarleg innanfor vanleg kontortid (08.00 – 15.00 ).
Ta kontakt med kommunen på sentralbord 57629600