Vinterskade på eng
Føremålet med tilskotet er å gje stønad til brukarar med vesentlege vinterskader på enga. Tilskotet er eit økonomisk verkemedel for å få ei avling av gras og grønfor som kan haustast same året, slik at avlingssvikten vert redusert. Ordninga gjeld vinterskade på eng med årsak i fysiske tilhøve (frost, isdekke, vatndekke, uttørring og oppfrysing eller biotiske tilhøve (overvintringssopp)
Vilkår
Det kan berre gjevast tilskot til vinterskadd eng. Arealet må vere pløygd, horva, frest eller direktesådd og tilsådd med frø av eng eller grønnforvekster.Utbetringa må kunne gje avling i skadeåret. Forsømt utbetring kan føre til redusert erstatning/avslag for avlingssvikt.
Kommunen skal kontrollere vinterskadane før utbetring.
Handsaming
Ver obs. på andre aktuelle ordningar: Erstatning for avlingssvikt, søknadsfrist 31. okt. og Tilskot til kjøp av grovfor.
Kommunen gjev uttale og saka går til til fylkesmannen for endeleg avgjerd.
Handsamingstid
ca. 1 mnd på kommunen, ca 1 mnd hjå fylkesmannen.
Klage
Klagefristen er tre veker frå ein vart gjort kjend med vedtaket. Statens landbruksforvaltning er klageinstans for vedtak gjort av fylkesmannen. Klagen skal sendast til kommunen for uttale. Kommunen vidaresender klagen til fylkesmannen.